Bygd av folk som har gjort dette før.
Moskus AI er bygd av tre gründerar med erfaring frå finansmarknad, drift, mediebygging, akademia og praktisk bruk av AI.
Pål Johannes Nes
15 års erfaring frå finansmarknad og kapitalmarknad med over 100 emisjonar. Styreleiar for fleire burettslag i Ålesund med store rehabiliteringsprosjekt.
Bygde EWTN Norge / Rita Medier frå eit hobbyprosjekt på eit gjesterom til ei moderne mediebedrift med sju ansatte og topp-besøkstal i Norden.
Lang erfaring fra praktisk bruk av AI, både i innhaldsproduksjon, arbeidsflyt og dagleg drift.
Johannes Ursin de Haan
Bakgrunn frå bank, med innsikt i korleis profesjonelle organisasjonar fungerer — krav til struktur, sporing, kvalitet og kundekommunikasjon.
Dataingeniørstudent ved NTNU som pauser studiet for å byggje Moskus AI frå starten. Operativt ansvarleg for prosesskartlegging, agentarkitektur, bygging og kundeoppfølging.
Clemens Cavallin
Professor ved NLA Høgskolen med doktorgrad frå Universitetet i Gøteborg. Forfattar av tre bøker, med internasjonal undervisningserfaring frå USA, Sverige og Noreg.
Driv eige AI-selskap, Exsultet Studio, dedikert til AI i medieproduksjon. Kjenner teknologien både teoretisk og praktisk.
Var med å starte EWTN Norge saman med Pål. Moskus AI er ei naturleg vidareføring av eit langvarig samarbeid.
Tre prinsipp som styrer alt vi gjer.
Agenten kan gjere jobben. Mennesket må framleis eige oppdraget og resultatet.
Mennesket først
Behov, mål, verdiar og rammer blir definerte av menneske — ikkje av teknologien.
Agenten i midten
Agenten analyserer, koordinerer og produserer innanfor tydelege rammer.
Mennesket sist
Eit menneske avgjer, godkjenner og står ansvarleg for resultatet.
Vil de vite meir om korleis vi jobbar?
Ta ein prat med oss. Vi fortel gjerne om korleis vi kan hjelpe akkurat dykk.
Ta kontakt →